Landskappleiken i Lom i sommar: – Vi treng fleire friviljuge
– Det er artig, spennande, sosialt og triveleg å vera med på denne dugnaden for Lom. Bli med!
Landskappleiken er eit enormt stort arrangement og det er venta godt over 10.000 besøkjande i Lom frå 21. til 25. juni. – Vi håpar unge, gamle, kvinner og menn frå Lom, Skjåk og Vågå vil vera med oss på denne dugnaden. Ta kontakt! oppmodar Siw Iren Bruøygard, Grethe Sjurgard og Kristin Volden Mundhjeld.
Foto: Vigdis Kroken