Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen kunne sundag føremiddag melde at fylkesveg 51 Valdresflye kom til å bli stengd på grunn av vind og dårleg vêr.

Fjellovergangen vart stengd klokka 13 sundag.

Statens vegvesen opplyser at vegen forventast opna att måndag klokka 08.00.

Valdresflye er elles for tida nattestengd i tidsrommet 20.00–08.00.