Styret i skigruppa i Lom IL gler seg til å gjennomføre ni ljosløyperenn og eit klubbmeisterskap denne sesongen.

Styret består av Sjur Bjørgen, Amund Mundhjeld, Stine Sva, Lars Kristian Sperstad og Annette K Hellekveen.

Elles blir det meldt at føret bør vera «såpass», og at ein håpar på meir snø og at kuldegradene held seg i Lia.

Løypekøyring i ljosløypa, Åslia og Kvamsvegen har pågått sidan før jul, og mange har nytta seg av løypenettet.

Informasjon og kart over løypene finn ein på Lom ILs heimeside.

Elles er det skitrening kvar torsdag. Det kostar ingenting å vera med, men ein må vera medlem i idrettslaget. Det blir servert kveldsmat etter trening, noko som er eit populært og sosialt tiltak.