Det er i samband med asfaltarbeid at det blir ledebilkøyring på riksveg 15 ved Randen i Vågå.

Det melder Vegtrafikksentralen i Statens vegvesen, som ber trafikantar om å berekne ekstra god tid torsdag.

I fylgje Vegtrafikksentralen vil arbeidet gå føre seg fram til klokka 19 torsdag kveld.