Ulykka skjedde på Rv15 ved Enge, vest for Lalm, i 13-tida sundag.

Alle naudetatar rykka ut til ulykka der tre bilar og i alt fem personar var involvert.

I fylgje operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt vart to av personane lettare skadd, og frakta til legevakta på Otta.

Det var ekstremt glatt føre i området sundag.

Dei involverte i trafikkulykka bestod av både folk som er heimehøyrande i vårt distrikt, og av folk frå utanfor distriktet.