– Frå vi opna den 15. mars og til vi stenger 2. påskedag vil vi ha godt og vel 300 gjestedøgn. Det er ei bra auke frå i fjor, seier Birgit Løyland.

Saman med sambuaren Åsmund Galde tok ho over som styrar på Sota Sæter i fjor.

Birgit fortel at det er venta mykje folk til DNT-hytta i Skjåk frå i dag, onsdag, og gjennom heile påskehelga.

– Vi har 86 sengeplassar. Det er ikkje heilt fullt hjå oss i påska, men vi er utruleg nøgde. Det verkar som at folk har fått med seg at det er meldt bra vêr i påska. Det kjem stadig nye bestillingar, fortel Birgit Løyland.

Mange av gjestane på Sota Sæter er faste gjestar, der barnefamiliar er hovudtyngda.

Frå og med skjærtorsdag til og med 1. påskedag stiller DNT med eit såkalla «turboteam» frå Barnas Turlag på Sota.

– Da blir det skiturar, grilling og andre aktivitetar for barna, seier Løyland.

Langfredag gjentek Sota Sæter suksessen frå i fjor. Da kjem reinen Iver og reingjetarane Ola og Jørn frå tv-serien «Gjetar i Jotunheimen» på besøk til sætra. Her får ungane helse på reinen og dei som vil kan også få køyre seg ein tur. Som i fjor blir det også lassokasting og moglegheit til å kjøpe seg mat.

2. påskedag stenger det unge vertskapet dørene på Sota Sæter fram til 24. juni. Frå da held DNT-hytta ope til midten av september.