Vegtrafikksentralen Øst opplyste rett før klokka 19 sundag at rv15 var stengt att på grunn av eit nytt snøras ved Byrbergtunnelen.
– Raset har gått på akkurat same stad som for ein time sidan. Nå må vi halde vegen stengt og vurdere situasjonen på nytt, sa trafikkoperatør Mette Brunes i Vegtrafikksentralen.
Ved 19.30-tida var vegen fortsatt stengt, og trafikkoperatøren kunne da fortelje at ein byggeleiar var på veg til staden for å ta ei vurdering av situasjonen.
Klokka 19.40 opplyser Vegtrafikksentralen om at rv15 er opna att, men med manuell dirigering.
– Dei har nå starta å sende trafikken forbi området puljevis, og vil halde fram med dette og sjå an situasjonen utover kvelden, seier trafikkoperatør Mette Brunes.
Det fyrste snøraset ved Byrbergtunnelen gjekk laurdag klokka 14.15. Klokka 17.46 sundag gjekk eit nytt ras. Det siste raset så langt gjekk klokka 18.53 sundag kveld.
Solsidevegen (fv468) er også opna att. Fylkesvegen vart stengt på same tid som riksvegen, for å unngå dei same trafikale problema som oppstod laurdag.