Laurdag har vore ein intens tevlingsdag under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Lom. Nesten førti ulike grupper har tevla om finaleplass i kategorien gruppespel.

På grunn av det høge talet på deltakande grupper, trengde dommarane ekstra god tid etter kvalifiseringa på å bli samde om kven dei skulle sende til finalen. Finalistane vart kunngjort på festivalarenaen laurdag kveld rett før klokka 20.

Blant dei seks gruppene som har gått til finalen, er heile fire av dei frå Ottadalen.

Her er dei seks finalistane:

Hollos efterfølgere

Dølalæte

Grindstuen & Midtlis

Jutullaget

Syvers orkester

Lendmenn

Gruppespel-finalen startar klokka 21.30 laurdag, og blir overført direkte på NRK nett-tv. Ein halvtime før denne finalen startar skal finalen i klassa pardans gjennomførast, der dei seks finalistane som gjekk vidare frå kvalifiseringa fredag skal i elden.

Jutullaget. Foto: Tom Erik Solstad
Lendmenn. Foto: Tom Erik Solstad