Nrk Super satsar på skattejakt heile våren og set opp «Trio - Odins Gull» i reprise på sundagar frå 10. januar.

Etter 10 episodar med reprise kjem «Trio - Keplerdiamantane» på tv, frå påske og ut mai.

Den nye serien blir ferdigstilt i desse dagar og skal leverast til distribusjon og sal i den internasjonale marknaden. Serien skal òg dubbast på tysk for å bli sendt på den tyske barnekanalen KiKa hausten 2016.

Førre årets «Trio-Çybergullet» er nominert i konkurransen i klassa drama for større barn under Kidsscreen, USAs største festival for barn og tv.

Dei to fyrste sesongane av Trio vart i hovudsak spelt inn i Skjåk, medan sesong tre er spelt inn andre stader, mellom anna i Tyskland.