Fredag morgon vart det meldt om eit rådyr som var funne i vegkanten nord for idrettsplassen på Lalm, men som var borte før viltnemnda kom til staden 15 minutt seinare.

Med eit rådyr som plutseleg forsvinn i lause lufta, var det mistanke om at det her var prat om tjuvjakt.

Nå viser det seg at rådyret vart påkøyrd. Vedkommande som køyrde varsla ein person i viltnemnda. Bilføraren reiste for å tømme bagasjerommet i bilen, for så køyre attende for å hente det døde dyret.

I mellomtida kom ein annan bilist som varsla politiet og som igjen varsla viltnemnda. Men politiet ringde til ein annan i viltnemnda, og ikkje den som hadde vorte varsla nokre minutt tidlegare.

Og da sistnemnde frå viltnemnda kom til staden, hadde han som køyrde på rådyret vore og henta dette.

Med mistanke om tjuvjakt av rådyr før jul, vart det konkludert med at dette også var tjuvjakt. Noko det altså ikkje var.