Det handlar om ei 100 prosent prosjektstilling i tre år, med moglegheit for fast tilsetting.

– Vi er ute etter ein kreativ og resultatorientert person som har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne, god økonomisk forståing og stor interesse og kunnskap om idrett, seier Helge de Presno, leiar i Skjåk IL. Han fortel at det dei siste åra har vorte svært utfordrande å få tak i folk som på friviljug basis er viljuge til å ta på seg leiarverv. Det gjeld nok ikkje berre idrettslaga. Det gjeld overalt, trur de Presno.

– Sjølv tok eg på meg å vera leiar i Skjåk IL i to år. Det er fire år sidan. Ingen andre har vore viljuge til å ta over, så da sit eg her framleis, seier han.

– Korleis finansiere dette?

– Vi har søkt kommunane om støtte. Det fekk vi ikkje. Derfor er vi innstilte på å bruke av oppsparte midlar i ein treårsperiode, og så får vi ta det frå der. Vi har tru på at vi med ein dagleg leiar, som blant anna kan arbeide med sal og oppfølging av sponsoravtaler, også kan bidra til å få auka inntektene våre, svarar de Presno.

Han presiserer at dei to idrettslaga framleis skal ha breiddeidrett som hovudsatsingsområde.

– Men samstundes tenkjer eg at vi med ein dagleg leiar òg får betre kapasitet til å støtte dei som verkeleg vil satse, dei som vil noko med idretten sin.

Lom IL og Skjåk IL har gruppeaktivitetar i handball, fotball, barneidrett, ski, turn/gym, symjing, friidrett og kampsport.