Laurdag kveld hadde ungdomsrådet i Vågå teke initiativ til eit fakkeltog under parolen «Å opne for kjøpesenter på Brustugujordet er å stengje framtida for Vågåmo».

Fredag kveld sette ei gruppe seg saman for å prøve å finne konstruktive løysingar i det som har vorte ein konflikt i bygda. Dei kom med denne meldinga:

«Ingen av oss vagværar er tent med det høge og raskt aukande konfliktnivået kring vedtaket om sentrumssona i Vågåmo. Vi som har signert denne meldinga sette oss difor fredag ned saman for å finne ei omforeint løysing til beste for heile Vågå-samfunnet og sentrum. Vi er særs letta og glade for å kunne melde at dialogen er god og ei mogleg løysing innan rekkevidde».

Bak dette sto: Ordførar Iselin Jonassen (Ap), Steinar Aasgaard (Bl), Anders Bjørnsen (Sp), Ola Skogen (Næringsforeninga) og Sigurd Rønningen (privatperson)"

Under ein appell, halden i samband med fakkeltoget, sa ordførar Jonassen mellom anna dette:

– Brustugujordet skal ikkje regulerast eller byggjast ut til føremål som kan føre til at det eksisterande kjerneområdet i sentrum forvitrar som handels- og administrasjonsstad.

– Dette er eit langt og særs velkome steg på veg mot ei omforeint løysing som ivaretek både nåverande detaljhandel i sentrum og ynskje om næringsutvikling på Brustuggujordet, men altså ikkje konkurrande detaljhandel, er ei av attendemeldingane attpå Jonassen si tale.