Ama Dablam ligg 6812 meter over havet.

– Det har vore litt av ein tur! Aldri vore så sliten… Men for eit fjell, folk og land! skriv Mai Bakken på si eiga Facebookside.

Bjørg og Mai har tidlegare vore på toppen av det høgaste fjellet i Sør-Amerika, Aconcagua. Ama Dablam, som dei var på sundag, var ei større utfordring, ettersom det innebar ein del klatring og rappelering.