Ut frå Lalm sentrum er vegen tydeleg skilta stengt, men sidan ikkje er noko omkøyringsskilt over på baksida, tek mange bilistar opp mot byggefelt og industriområdet på Lalm, og truleg Kolbottvegen og ned på rv. 15 att. Da kan dei bli overraska.

Vår kjelde fortel om fleire bilar som har teke denne vegen, og at han har forsøkt å geleide somme over på baksida, der ein kan koma vidare til Otta og E6.

Her burde det vore eit omkøyringsskilt, men det er det ikkje. Foto: Arve Danielsen

Vegtrafikksentralen opplyser at dei ennå ikkje veit når riksvegen blir opna att, men at geolog skulle vurdere området tysdag føremiddag.

Bilistar frå Vågå og austover møter eit omkøyringsskilt ved Vågårusten, men utan opplysningar om at riksvegen er stengt lenger aust.