Tysdag ettermiddag vart det meldt om eit jordras i Nordberg i Skjåk.

På grunn av svært stor pågang, har det så langt ikkje lykkast Fjuken å koma i kontakt med operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt, men ordførar i Skjåk, Edel Kveen, fortel at det skal vera prat om eit ras ovanfor garden Lindsheim i Nordberg.

– Det har gått heilt ned til huset. Det ser ikkje ut til å vera korkje personskader eller materielle skader, opplyser ordføraren til Fjuken.

Naudetatar er på staden.

Fjuken sin journalist på staden, fortel at det er prat om to separate ras som har gått i området. Dei eine raset har råka Lindsheim, medan det andre raset har råka nabogarden Søre Skjåkøygard.

Ras i Nordberg. Foto: Ola Ø. Rossehaug
Ras i Nordberg i Skjåk tysdag. Foto: Ola Ø. Rossehaug
Ras ved Lindsheim i Nordberg. Foto: Ola Ø. Rossehaug
Lindsheim. Foto: Ola Ø. Rossehaug