Tysdag kveld skal brannmannskap, helsepersonell og politi frå båe sider av fjellet gjennomføre stor brannøving i Oppljostunnelen på Rv15 mellom Skjåk og Stryn. Brannventilasjon og samband mellom naudetatane er blant det som vil vere i fokus under den reelle øvinga som byrjar med teori på Grotli nokre timar før det «tek fyr» i tunnelen.

I samband med brannøvinga vil Oppljostunnelen, som er den øvste av tunnelane på vegen mellom aust og vest, bli stengt i to timar tysdag kveld, mellom klokka 20.00 og 22.00.

Personbilar blir oppmoda om å køyre Fv258 Gamle Strynefjellsvegen, medan tungtransporten må førebu seg på å vente til Rv15 opnar att.