Målet med målingane er generell geologisk kartleggjing med spesiell vekt på å finne nye klebersteinforekomstar.

Sjølve målingane foregår ved at helikopteret flyg i liner i retning nord-aust/sørvest for kvar 200 meter og med tilnærma konstant høgd 60 meter over bakken. Under helikopteret blir det slept ei målesonde som registrerer variasjonar i jordas magnetfelt. Eit instrument som registrerer radioaktiv stråling frå bakken er festa under helikopteret.

Med desse målingane får forskarane eit detaljert bilde av geologien. Resultata frå denne undersøkinga kan i tillegg til mineralundersøkingar, også nyttast ved grunnvassundersøkingar, kartleggjing av eventuell radonfare og soner som kan vera problematiske ved eventuell tunnelbyggjing.

Base for undesøkinga er Vågåmo. Helikopter og måleutstyr kom til basen allereie sist torsdag, og cirka ein tredjedel av målingane er allereie gjennomført. Målingane vil avsluttast i løpet av ei vekes tid, avhengig av vêret. Ein vil ikkje måle ved tåke, regn, snø, sterk vind, og heller ikkje dersom solflekkaktivitet gjev uro i magnetfeltet.

NGU vil forsøke å utføre målingane i nært samarbeid med lokalbefolkninga. Dersom målingane er uforeinleg med annan aktivitet, ynskjer NGU å bli kontakta slik at mindre justeringar i måleopplegget kan gjerast. NGU ber spesielt om å bli varsla om hestar som går ute og eventuelle rev- eller minkfarmar i området.