I oktober 2016 vart det inngått avtale mellom Vågå kommune og Gull og Gråstein ved Sigurd Rønningen om konsulentbistand for utføring av administrative oppgåver knytt til næringsutvikling i fråværet av næringskonsulent som er ute i permisjon.

Eit resultat av arbeidet Rønningen utførte, var nettsida «Våg å leve» med utlysing av ledige stillingar. Dette vart sleppt i romjula, og fekk stor merksemd i media. Stillingssleppet har ført til mykje blest om Vågå, mange jobbsøkjarar og potensielle innflyttarar til kommunen.

Sigurd Rønningen har engasjert seg i saka om sentrumssone og «kjøpesenter» på Brustugujordet.

Dagen etter møtet på Lalm tysdag der kommuneplan var tema, fekk Rønningen ein epost frå rådmann Ådne Bakke onsdag, der avtalen med Gull og Gråstein ikkje blir vidareført.

– Kommunen har gjort ein del disposisjonar internt med tanke på at eg sluttar som rådmann. Dette inneber at vi dekkjer sjølv, innafor eksisterande ressursar, dei oppgåvene vi må fylgje opp medan næringskoordinator er ute i permisjon, skriv Bakke i eposten.

Ordførar Iselin Jonassen seier at kommunen låner ressursar gjennom Frode Damstuen på regionkontoret, pluss at Tora Sandbu er på plass att i kommuneadministrasjon etter permisjon,

Sigurd Rønningen ynskjer ikkje å kommentere saka.