Statens vegvesen skal «høvle av» Kulihaugen og med det leggje til rette for den komande gang- og sykkelvegen vestover frå Lom. Dette skal også hjelpe for den heller skrale sikten det er mot fotgjengerfeltet mellom Loar skule og Utgard.

På prestgardssida skal det takast ned ein del tre, for å betre sikten frå aust.

Overgangen Loar-Utgard er utfordrande når det gjeld tryggleiken, men ein håpar at dette tiltaket skal hjelpe noko.