Utdelinga av prisen fann stad i Vågå sin gamle prestegard, i prestegardshagen i Ullinsvin.

Dronninga kom rundt klokka 18.30 og vart teken i mot av fylkesmann Christl Kvam, ordførar Iselin Jonassen, politimeister Arne Hammersmark og styreleiar i Norsk Kulturarv, Kirsti Kolle Grøndahl.

H.M. Dronning Sonja fekk også overrekt blomar av to spente femteklassingar; Anne Brenden og Rune Bråten.

Det var Norsk Kulturarv sin styreleiar Kirsti Kolle Grøndahl som overrekte Æresprisen til H.M. Dronning Sonja, som var djupt rørt da ho heldt takketale framfor eit par hundre frammøtte i Ullinsvin.

Dronninga er tildelt æresprisen for sin store innsats, engasjement og viktig arbeid for kulturarven, kulturlandskapet og naturen gjennom mange år.

Sjå bildeserie øvst i saka.

Les meir frå prisutdelinga i papiravisa torsdag.

Dronninga var djupt rørt da ho heldt takketale. Foto: Tom Erik Solstad
Ordførar Iselin Jonassen og H.M. Dronning Sonja. Foto: Tom Erik Solstad