– Kommunen vil koste kjølehjørne på grendahuset. Dette er ei gladmelding, seier Nelly Bjerketvedt Einstulen i Skårvangen og Skogbygda grendalag.

Grendalaget har søkt Vågå kommune om støtte til meir kjøleplass, noko leiaren i grendalaget ser som er nødvendig ved utleige av huset og større arrangement.

Til nå har grendehuset hatt eit vanleg kjøleskap, samt eit eldre kjøleskap som var brukt til skulemjølk den gongen det var skule i grenda. Dette meinte grendalaget ikkje er nok når det kjem folk med kaker eller anna kjølevare.

Når nå kommunen kostar nytt kjølehjørne, seier Nelly Bjerketvedt Einstulen at dette blir bra for grendalaget, ikkje minst for alle som leiger huset til ymse selskap og arrangement.

Det er Vågå kommune som eig grendahuset, og står for utleige og har inntektene på dette. Grendalaget eig det meste av inventar og kjøkkenutstyr. Laget har også jobben med å halde uteområdet i orden.

Skårvangen og Skogbygda grendahus er mykje brukt til lag og arrangement. Foto: ARVE DANIELSEN