Den gamle ferdselsvegen over Kamperhamrane er ein av dei eldste ferdselvegane over fjellet mellom aust og vest.

Ruta over Kampehamrane var den viktigaste vegen mellom Stryn og Skjåk fram til 1894. Ruta går frå Sunndalen inst i Oppstryn, austover fjellet gjennom Rauddalen til Skjåk.

Delar av ruta går over eit bratt fjellparti som kallast Kamperhamrane, der dei gamle steintrappene og hellegangane nå er restaurert slik at fleire nå kan følgje dei historiske fotefara frå Skjåk til Stryn.

Den gamle ferdselsvegen er lansert som ei av sju historisk vandreruter, og er ein del av eit samarbeid mellom Riksantikvaren, DNT og DNT Oslo og omegn.

Kring hundre personar var møtt fram på Sunndalssetra inst i Oppstryn og opninga av den historiske ruta.

Ordførar Rolv Kristen Øygard i Skjåk var ein av 15 personar som gjekk ruta frå Skjåk til opninga på Sunndalssetra.

Saman med ordførar Sven Flo i Stryn, generalsekretær Nils Øveraas i DNT og avdelingsdirektør Jostein Løvdal frå Riksantikvaren, avduka Øygard skiltet som syner veg frå Sunndalssetra i vest og den historiske ruta austover.