Fram til nå har det vore timesstengingar på Fv55 i Luster i Sogn og Fjordane, i samband med skredsikringsarbeid i Råumsberget.
Nå melder Statens vegvesen at vegstenginga blir utvida frå måndag 2. november.
Fylkesvegen vil frå neste veke bli heilt stengd for trafikk frå klokka 10.10 til klokka 13.20. Med unntak av langstenginga, blir det timesstengingar mellom klokka 07.00 og 18.00, melder vegvesenet.
På laurdagar tek entreprenørane pause i arbeidet frå klokka 13.00, og det blir da fri ferdsel fram til måndag morgon.
– Det er naudsynt med denne stenginga for å få trygga området for vinteren. Det har vore vanskeleg å arbeide effektivt med dei timesstengingane vi har hatt til nå, fortel byggeleiar Svein Jarle Slinde i Statens vegvesen.
Dei lange stengingane av Fv55 vil bli avslutta i løpet av fredag 13. november. Rutegåande trafikk vil kunne passere som før.