Leiaren vil få i oppgåve å leie planleggingsarbeidet og drifte tiltaket. Følgjande har søkt: Håvard Moen (Nordberg), Inger Helen Tuva (Skjåk), Karina Mandal (Lom), Ingunn Liseter (Otta), Wahuemo Gyude Muhlenburg (Tromsdalen), Amund Teigen (Skjåk), Hilmi Unsal (Kristiansand), Raymond Nsabimana (Molde) og Aniceta Ormberg (Trondheim).
Rådmann Svein Holen fortel at det skal vera synfaring i prestebustaden i morgon, torsdag. Det er Opplysningsvesenets fond som eig prestebustaden.
– Dei er interesserte i å både leige og selje prestebustaden, men for vår del er det berre aktuelt å leige, seier Holen.
Planen er å ta imot fem einslege mindreårige flyktningar i år.
– Det er mykje som må planleggjast og som må vera på plass før vi kan ta imot dei, så vi har eit perspektiv fram til sommaren. Tidlegast, opplyser Holen.