Oddvar Barhaugen kan sjå attende på mange gode plasseringar i skisporet. Han har vunne NM for veteranar tre gonger, sølvmedalje for Norge i VM-stafett i Seefeld. Her står han framfor premieskapet sitt. Foto: Terje Kleiven

Oddvar Barhaugen - sprek 90-åring

I haust fylte Oddvar Barhaugen 90 år. Med ein onkel (Hans Barhaugen) som ein framifrå langrennsløper på 1930-talet, og med to søskenbarn (Håkon Brusveen og Arne Barhaugen) i verdenseliten, hadde Oddvar mykje å slekte på når det gjaldt skisport.