Kronprins Haakon Magnus vart fødd 20. juli 1973, og fyller dermed 49 år i dag.

Gebursdagen hans er offisiell flaggdag, og blir på den måten markert over heile landet.

– Dagen feirast privat, seier Guri Varpe, Slottet sin kommunikasjonssjef, til NTB, ifølgje Dagbladet.

Kronprins Haakon er ein naturglad mann, og er, ifølgje Kongehuset si nettside, glad i mellom anna ski og tur i fjellet.

Kronprinsen har besøkt Ottadalen fleire gongar - sist i 2019, da han og Kronprinsesse Mette-Marit var på eit lenger besøk i Skjåk, Lom og Vågå.