Det viser ei fersk undersøking, utført av Respons Analyse på vegner av Fremtind, som er forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB.

16 prosent av bileigarane som har vorte spurd, svara at dei har utsett dekkskiftet éin eller fleire gongar i løpet av dei siste fem åra. Det tilsvarer 600.000 nordmen.

Blant aldersgruppa mellom 25 og 34 år, er det heile 24 prosent som svarar dette.

– Hugs at det er ditt ansvar som bilist å ha tilstrekkeleg veggrep i forhold til føre. I fleire av bilskadene vi registrerer ved fyrste snøfall, ser vi at sjåføren har hatt moglegheit til å førebu seg betre for å førebyggje skader, seier skadeførebyggjar i Fremtind, Therese Hofstad-Nielsen, i ei pressemelding.

Køyrer du på sommardekk på vinterveg, risikerer du både dobbel bremselengde og politianmelding.