Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding.

I august kom kravet om bruk av setebelte i traktorar også utanfor arbeid. Da vart det også eit påbod om ettermontering av setebelte i traktorar som er utstyrt med beltefeste eller festepunkt før nyttår.

– Det er mange traktorar som har beltefeste montert, men som har mangla sjølve beltet. For traktorar med godkjente beltefeste er det nå eit krav at belte er montert, opplyser Statens vegvesen.

Påbodet gjeld berre for traktor som har montert førarvern, såkalla «roll-over protection structures», som er ein konstruksjon som beskyttar sjåføren ved velt.

Det er nokre få unntak frå kravet til bruk av belte i traktor. I fylgje Lovdata gjeld ikkje krav om bruk av setebelte når traktoren står stille, når bruken av setebelte i seg sjølv medfører ein auka risiko for skade, når bruk av setebelte er til stor ulempe og det er liten fare for velt eller bråstopp, og elles når vedkomande har med legeerklæring som fritak frå å bruke setebelte.