Fjuken har nokre år hatt ein liten dupp i opplaget, men går denne gongen motsett veg av dei fleste andre aviser og mediehus i Innlandet. Fjuken aukar opplaget.

– Vi ser nå truleg resultatet av satsinga vi gjer på alle plattformer. Det har skjedd mykje i Fjuken dei siste månadene. Eg trur at vi har vorte meir relevante og at vi er ei avis der folk ser at dei får godt og viktig stoff. Vi har den tradisjonelle papiravisa I tillegg til nettavis, podkast og Fjuken-TV. Eg trur dessutan at vi har att for å framstå som nokså ujålete, samstundes som vi sjølvsagt er saklege og etterettelege. Eg trur at lesarane har tillit til oss, seier Kjosbakken.

Opplagstala

Fyrste halvår 2023 hadde Fjuken eit opplag på 3.812. Samanlikna med same periode i fjor er dette ein auke på 58 eksemplar, da opplaget var 3.754.

For dei andre avisene i Gudnrandsdalen ser opplagstala slik ut:

• Norddalen hadde eit opplag på 2.399 fyrste halvår i år, mot 2.517 eksemplar same periode i fjor. Dette er ein nedgang på 118 eksemplar.

• Vigga hadde eit opplag på 2.315 fyrste halvår i år, mot 2.317 eksemplar same periode i fjor. Dette er ein nedgang på 2 eksemplar.

• Dølen hadde eit opplag på 4.379 fyrste halvår i år, mot 4.469 eksemplar same periode i fjor. Dette er ein nedgang på 90 eksemplar.

• Gudbrandsdølen Dagningen (GD) hadde eit opplag på 22.046 fyrste halvår i år, mot 22.749 eksemplar same periode i fjor. Dette er ein nedgang på 703 eksemplar.

Levering

Den siste tida har Fjuken-lesarane på Austlandet mista mange utgåver. Kor vidt dette vil prege opplagstala i neste runde er ikkje godt å seia.

– Det kan hende at vi har fått oppseiingar på grunn av dette forferdelege rotet, men eg vil absolutt nytte høvet til å takke dei ufatteleg tolmodige lesarane som ikkje har fått avisa dei siste vekene, seier redaktøren.

Førre veke såg det ut til at distribusjonen stort sett var i orden, men Kjosbakken tør ikkje puste heilt letta ut ennå.

– Vi veit at det var dei som ikkje fekk avis, men vi gjer alt vi kan for at ting skal ordne seg. Vi skulle gjerne køyrt ut avisa sjølve, seier han.