Vêr og nedbør gjer det tildels utrygt før snøskred i helga.

Varsom.no har denne vurderinga for Jotunheimen laurdag:

Regionen har eit ustabilt snødekke og snøskred kan løysast ut på avstand. Nedbør og vind frå vestleg retning vil skape fersk vindtransportert snø. Mest nedbør vest i regionen. Den ustabile fokksnøen vil legge seg i leområde over eit ugunstig oppbygt snødekke med rimkrystaller og kantkorn ved bakken. Spesielt utsett er området rundt skoggrensa. Ein enkelt skiløpar kan påvirke svake lag i snødekket og det blir oppfordra til konservative veivalg. I enkelte større område med samanhengande snødekke kan skreda bli store. Drønn og sprekkar i snødekket er tydelege fareteikn som må takast på alvor.