– Eg skjønar godt at lesarane blir både sinte og skuffa. Det er håplaust at folk ikkje får avisa.

Redaktør og dagleg leiar Hans Erik Kjosbakken tykkjer ikkje noko om situasjonen som har prega avisdistribusjonen i fleire veker.

– Det er enkelte abonnentar som ikkje har fått avisa på fleire månader. Eg forstår godt at dei blir oppgjevne og sinte. Dei betaler for ei vare dei ikkje får. Eg hadde reagert akkurat på same måte, seier han.

Det er ikkje Fjuken sjølv som legg avisa i postkassa, men det går naturleg nok ut over omdømmet til lokalavisa.

– Avisa blir trykt i Ålesund, deretter skal ulike pakker med aviser sendast ut frå ein terminal på Austlandet. Ein eller annan stad på vegen skjer det seg totalt, og det blir det nå endeleg forsøkt gjort noko med, seier Kjosbakken.

Han fortel at han har brukt store bokstavar i dialogen med ulike involverte.

– Ein skulle tru at dette burde vera enkelt, men det er fleire ledd i denne kjeden. Det siste vi veit nå er at distributøren «går opp løypa på verdikjeden til Fjuken». Vi får berre tru at denne løypa er godt stikka, seier redaktør og dagleg leiar.

Fjuken får kvar veke 50 eksemplar av avisa til hovudkontoret i Bismo. Avisa frå den 10. august er det nå tomt for. Det vil seia at det er ettersendt 50 eksemplar til lesarar som ikkje har fått ho i postkassa eller i trappeoppgangen.

– Her i Fjuken kan vi ikkje anna gjera enn å krysse alt vi har i håp om at distribusjonen er på stell denne veka, seier Kjosbakken.