Russerevyen i Lom tok seg opp til utrulege høgder. Det er berre å skaffe seg billett!

Totalt sett fekk publikum ein proff produksjon, med til tider glitrande innslag.

«Tilbake til russetiden» tok oss gjennom aktuelle lokale hendingar og vi møtte ein tent russegjeng som heile tida var på jakt etter avdelingsleiar Jehans Storvik og hans tid som russ.

Det blir fleire framsyningar denne veka, og det ryktast at det óg blir sett opp ei ekstraframsyning. Da vil kanskje enkelte utfordringar med lyd vera løyst.

Les meir om årets russerevy i Fjuken på papir denne veka.