«Drømmestipendet» er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Kulturskoleråd og Norsk Tipping, og består av 100 stipend på 10.000 kroner – til saman 1.000.000 kroner. Gjennom «Drømmestipendet» ynskjer ein å synleggjera kommunane sitt arbeid for barn og unge, og det er kommunane som står for nomineringa, medan ein jury vel ut dei 100 personane som får tildelt kvart sitt stipend.

Om lag 400 unge talent frå heile landet var nominert til «Drømmestipendet» i år.

Idunn Maria Brosset frå Skjåk var einaste frå Ottadalen som var nominert til årets stipend, og onsdag vart det offentleggjort at skjåkjenta er éin av hundre som får tildelt «Drømmestipendet» på 10.000 kroner.

18-åringen har vore elev ved Skjåk kulturskule heilt sidan ho var tre år gamal, fyrst i musikkgruppe for 3-5-åringar, via karusellgrupper, før ho gjekk vidare innan visuell kunst og dans. I tillegg har Idunn spelt tverrfløyte ved Vågå kulturskule i fleire år. I 2013 kom ho til Ungdommens Kulturmønstring sin landsfestival med novella «Grenselaust sakn», og i 2014 vann ho ei skrivekonkurranse i samband med Jan-Magnus Bruheim-jubileet i Skjåk.

Idunn Maria Brosset vart nominert til «Drømmestipendet» i kategorien skapande skriving, og i nominasjonen skriv Skjåk kommune mellom anna fylgjande om 18-åringen:

«Idunn er ein skapande kreativ og reflektert person, noko som speglar seg att i hennar forfattarskap. Gjennom Idunn sine tekstar blir vi utfordra til å gå inn i våre innarste kjensler, kjenne på det såre og mystikken i det å vere menneske. Ho skriv med ein nerve og stil som gjer at vi som lesarar blir engasjerte frå byrjing til slutt. Finurlege setningar og tankar spinn i kvarandre, og hennar tekstar heng i oss lenge etter at vi har avslutta lesinga».

Idunn Maria Brosset vil få utdelt stipendet i Skjåk under ei tilstelling laurdag 13. juni.