49 bedrifter står bak Jotunheimen Turistinformasjon (JT) og intensjonsavtalen. JT har søkt Lom kommune om 590.000 til etablering av turistinformasjon. Kommunen er innstilt på å gjeva dei 200.000 kroner.
Etter at innstillinga frå kommunen vart kjent, varslar interimsstyret at dei kan koma til å kaste korta.
- Dersom innstillinga frå administrasjonen blir resultatet etter politisk behandling, blir det vidare arbeidet med Jotunheimen Turistinformasjon avslutta, heiter det i ei uttale frå interimsstyret.
Interimsstyret meiner lomsbygda ikkje er tent med den forvirringa to turistinformasjonar vil skape.
- Vi beklagar sterkt at kommunen med ei slik behandling bidreg til splitting, og ikkje syner tillit til at vi i næringa veit vårt eiga beste. Reiselivet i Lom kan heller ikkje leva med at administrasjonen stiller spørsmål til vår reiselivsfaglege kompetanse og gjennomføringsevne. Heller ikkje at kommunen set ei samla, privat næring under administrasjon vedkomande sal og marknadsføring, seier interimsstyret.
Lom kommune innstiller på; å setja av 250.000 kroner til Nasjonalparkriket Reiseliv - på vilkår, å løyve Norsk Fjellmuseum 300.000 til turistinformasjon kroner og altså løyve Jotunheimen Turistinformasjon til informasjonen sin 200.000 kroner.
Politikarane i Lom skal torsdag behandle fordelinga av kommunale reiselivskroner.