Tre menn og fire kvinner ville bli sokneprest i Vågå da stillinga vart lyst ut for tredje gong.

Da hadde Hamar Bispedømme prøvd to gongar tidlegare utan å få eit einaste napp på sokneprestjobben i Vågå. Eller det vil si: Andre gongen stillinga vart lyst ut var det ein søkjar, men denne personen trekte seg etter å ha fått tilbod om jobben.

Personalleiar i Hamar Bispedømme, Trond Glimsdal, kan fortelje til Fjuken at sju personar søkte stillinga som sokneprest i Vågå denne gongen, og at bispedømerådet hadde tilsetjinga oppe til behandling onsdag ettermiddag.

Glimsdal fortel vidare at ein mann torsdag morgon fekk tilbod om jobben som sokneprest i Vågå.

Mannen er 44 år gamal, kjem frå Gardur i Island, og heiter Sigurdur Gretar Sigurdsson. Islendingen er frå før sokneprest i Útskála prestegjeld som omfattar om lag 3.000 innbyggjarar i to sokner.

Nå må Sigurdsson ta stilling til om han takkar ja eller nei til jobben som sokneprest i Vågå, noko han har fått åtte dagar på seg til å gjere.

Dersom soknepresten takkar ja til stillinga, vil han bli den fyrste islandske soknepresten i Ottadalen.

For utan Sigurdsson søkte fylgjande seks personar på stillinga som sokneprest i Vågå: Fritz Már Jörgensson (54 år, Island), Helge Schistad (65 år, Ålesund), María Rut Baldursdóttir (29 år, Island), Ole Olsen (65 år, Sverige), Anne Hvinden (58 år, Oslo) og Annie Birkedal (59 år, Danmark).

Sigurdur Gretar Sigurdsson frå Island har fått tilbod om sokneprestjobben i Vågå. Foto: Privat