– Eg er trygg for jordskjelv og tsunamiar, rapporterer Halvor Hosar.

Skjåkværen flytta til Auckland i New Zealand våren 2015. Her studerer 29-åringen musikkvitskap ved University of Auckland.

Rundt klokka 12 sundag, norsk tid, kom dei fyrste meldingane om at eit kraftig jordskjelv hadde råka New Zealand. Skjelvet målte 7,8 på Richters skala, og førte til store øydeleggingar og kravde fleire liv. I timane etter hovudskjelvet kom det ein rekkje etterskjelv. Ei tsunamibølgje nådde kysten av New Zealand etter jordskjelvet.

Jordskjelvet skjedde rundt midnatt lokal tid, og Halvor Hosar var heime i leilegheita si i Auckland under det kraftige skjelvet.

– Eg bur nokså langt frå der det heile hende. Eg er nesten heilt i nord, og det var hovudsakleg Sørøya som vart råka. Eg trur ikkje folk her har merka noko særleg til det. Eg sov i alle fall gjennom heile natta, og blei ikkje klar over at noko hadde skjedd før eg logga meg på Facebook på morgonkvisten her, seier Halvor Hosar til Fjuken.

Skjåkværen fortel vidare at det ikkje ser ut til at lokalavisene i området der han bur, har dekt hendinga.

– Eg ser det er spreidde rapportar om at ein kunne kjenne skjelvet her, men eg sov gjennom det heile! seier Hosar, som ovanfor slekt og vener her heime kan stadfeste at han er trygg og har det fint i New Zealand.