Facebook-gruppa hevdar mellom anna at Rune Øygard stiller på topp for ei bygdeliste i Vågå ved komande val. Dette kan ordførar i Vågå, Iselin Jonassen, avvise.
– Det er ikkje motteke eller godkjent nokor slik liste, seier ho.
Jonassen fortel elles at ho har rapportert Facebook-gruppa for krenkande innhald. Det blir spreidd usanningar og til dels sjikanerande innhald på sida. Om både Øygard, Vågå og vagværar generelt.
Administratoren bak sida svara slik, via meldingstenesta på Facebook, da Fjuken ville ha denne i tale:
«Jeg snakker ikke Vågå-sjargongen, så det blir nok litt vanskelig».
Advokat Jon Christian Elden har etter at artikkelen sto på trykk førre veke vendt seg til Fjuken, på vegne av Rune Øygard.
- Øygard har bede om at vi melder administrator av denne facebookgruppa til politiet dersom ikkje Facebook sjølv ryddar opp. Det er ikkje kurant å spreie falske påstandar eller henge ut folk, skriv Elden i ein epost. Ekstra feigt blir det når ein ikkje sjølv står fram, men lagar ein anonym profil, skriv advokaten.
Jon Christian Elden skriv elles at Rune Øygard, etter å ha sona straffa si, som alle andre har ein rett til å koma attende til samfunnet.
- At einkvan finn på ein påstand om at han stiller til kommunevalet 2015, for deretter å argumentere mot det ved å bruke sjikanøse påstandar, er ein underleg måte å opptre på, meiner Elden.
Rune Øygards advokat, Jon Chritian Elden, sluttar e-brevet slik:
- At han (Øygard) samstundes arbeider for å få teke opp saka på nytt, er hans demokratiske rett som vi som rettssamfunn ikkje skal hetse han for. Viss dommen er riktig blir den ståande. viss den er feil, skal den sjølvsagt rettast opp.