«Personalet gøymer seg bort» og «alminneleg folkeskikk», er to karakteristikkar i brevet frå Vågåheimens venner som vekkjer reaksjonar.

- Det er trist og leit, seier kommunalsjef Jan Egil Fossmo, som reagerer på at ei heil yrkesgruppe blir stigmatisert av påstandane som blir framsett i brevet frå venneforeininga.

«Stange hugu mot veggen»

Pårørande på Vågåheimen stifta støttegruppa for sju år sidan, i februar 2011. Hovudoppgåva den gongen var å få til sosiale samvær cirka ein gong per månad for brukarane på Vågåheimen.

- Seinare er det andre oppgåve og ting som oss i tillegg har sett behov for å ta tak i. Vi såg tidleg at ikkje alt fungerte slik som det skulle på Vågåheimen. Det var sjølvsagt mykje som var bra og svært bra, men enkelte ting var lite tilfredsstillande. Dette såg oss som da hadde dagleg og vekentlege besøk på Vågåheimen, skriv venneforeininga i brevet til kommunen.

Brevet er signert Agnes Hagen, Ann Jorunn Korsgaden, Astrid Grønli, Eldbjørg Kalbakk, Tor hølmo, Åse Grønli og Åshild Viste.

Vågåheimens venner skriv at dei har tatt opp fleire saker, både med leiinga  ved Vågåheimen og den politiske leiinga i kommunen i løpet av dei sju åra som har gått sidan starten av foreininga.

- Vi har diverre ei kjensle av å stange «hugu mot veggen» fleire gonger, skriv venneforeininga som listar opp åtte punkt som dei ikkje er nøgde med.

Folkeskikk

Venneforeininga meiner at samtala ved inntak må finne stad etter fjorten dagar for å kvalitetssikre den for både brukar og pårørande. Dei stiller også spørsmål om kviletid for betjeninga.

– Dersom det er betalt kviletid, skal vel betjeninga vere tilgjengeleg for brukarane. For oss synest det som om personalet gøymer seg bort, skriv dei i brevet.

Dei meiner også at det er personavhengig om kven som er på jobb og skriv også at pårørande ved enkelte høve har kjent seg uglesett. Det blir også etterlyst «folkeskikk» ved å seie «hei» eller «velkomen».

Vågåheimens venner har gjeve kommunen frist til 10. mai å koma med melding om kva som vil skje. Dersom dette ikkje skjer, vurderer dei fylkesmannen som neste steg.

- Vågåheimen skal vere ein trygg og god heim for våre eldre, slik at når vi går att etter eit besøk, er trygge på at våre blir teke vare på, skriv Vågåheimens venner som avslutning i brevet.

Sterke reaksjonar

- Det er trist og leit for dei tilsette å få slike påstandar mot seg, seier kommunalsjef Jan Egil Fossmo.

Han reagerer fyrst og fremst på kommunikasjonsforma.

- Dei skriv om eit saksområde dei ikkje har kunnskap til å vurdere. Dei slår ned på dei som gjer sitt beste for brukarane på Vågåheimen, seier Fossmo.

Han kallar påstandane i brevet som ein kommunikativ skivebom, og seier at det ikkje er slik ein skal samhandle i Vågå kommune.

Kommunalsjefen fortel om sterke reaksjonar i møte med tilsette på Vågåheimen, tilsette som kjenner seg stigmatiserte og uthengt av brevet.

Trass i kritikken som blir sett fram i brevet, seier Fossmo at dei tek denne på største alvor.

- Vi har kalla inn Vågåheimens venner til eit møte den 16. mai, der vi skal gå gjennom påstandane i brevet. Vi skal gjere det vi kan for å få ein god dialog, seier Fossmo.

- Folk kjenner seg krenka og lei seg. Vi kjenner oss ikkje att det som står, seier konstituert tenesteleiar på Vågåheimen, Eli Strøm.

Brukarundersøking

Både kommunalsjefen og konstituert tenesteleiar, fortel at ein til hausten 2018 legg opp til å gjennomføre ei ny brukarundersøking på Vågåheimen.

Sist dette vart gjort var i 2014, der Vågåheimen scora høgt over landssnittet.

- Spesielt det med trivsel og personalet fekk høg score, seier Eli Strøm.

Ho fortel at det ikkje er store endringar i personalet sidan 2014. Største endringa som har skjedd på  Vågåheimen sidan den gongen, er at bebuarane i dag har einerom.

Eli Strøm fortel at dei i februar i år hadde eit møte med venneforeininga der dei avklara retningslinene, og vart samde om at venneforeininga skulle konsentrere seg om trivseltiltak.

Med bakgrunn i dette møtet stiller både ho og Fossmo seg undrande til innhaldet i brevet.

Dei håpar at ein for framtida skal få eit godt samarbeid med Vågåheimens venner for trivselstiltak for bebuarane på Vågåheimen.

Kommunalsjef Jan Egil Fossmo kallar brevet frå venneforeininga for ein kommunikativ skivebom. Foto: Arve Danielsen