Dei to fremste i følgjet, Evan og Sigrid, såg ut som ein prins og ei prinsesse, med krone på hovudet og alt.
– Kva er det som skjer?
Fjuken måtte jo spørja.
– Vi har gebursdag i dag. Nå skal vi feire med å eta is på Fossberg! svara dei to.
Og meir hadde dei ikkje tid til å seia, naturleg nok. Dei stunda på is!