Tore Mundal, har vore rektor på Lom ungdomsskule i 13 år, men har altså godt over 40 år bak seg i skulen i Lom.

Sidan 1951

– Men eigentleg kan ein vel seia at eg har vore på skulen sidan 1951 da eg sjølv byrja på skulen. Sidan har eitt år i militæret avbrote skulegangen min, fortalde han til elevane i kantina på Lom ungdomsskule fredag. Eg kjenner eigentleg ikkje noko anna miljø enn skulen, la han til.

Gåve

Fredag var den siste dagen alle elevane var samla på skulen, og det var tid for ei lita markering frå deira side. Frå FAU og elevane fekk Mundal ei «pensjonskasse» og ein flott blomebukett.

«Overtid»

Dei siste åra har rektoren drive «på overtid», for mannen er 73 år gamal og kunne vore pensjonist for lenge sidan.

– Du veit eg må ha noko å drive med heile tida, men nå er det på tide å gje seg her. Men - eg ser ikkje for meg å bli sitjande heime, eg må ha ein liten jobb av eit eller anna slaget, og eg har ikkje tenkt meg på gamleheimen.

Grøne fingre og løping

– Du kan få ansvaret for grøntanlegget her, kjem det frå ein vaktmeister i det Mundal hastar av garde til eit rektormøte.

Det er godt kjent i lokalsamfunnet at Mundal er svært interessert i hagebruk og plantar. Enda meir kjent er det at Mundal er ein ivrig løpar, og har godt over 100 fullførte maratonløp rundt om kring i verda.

Mundal var òg trenar i lomsfotballen i ei årrekkje - da Lom verkeleg var «store» i Gudbrandsdalen.

Skulelei?

Ein elev hadde eit spørsmål til rektoren sin:

– Blir du aldri skulelei, slik som oss?

– Nja. Mundal dreg på det. Det har vel hendt, men det er ikkje ofte, for eg har hatt så greie elevar oppigjennom åra, svara han.

Kjenner alle

Tore Mundal kjenner «alle» som bur i Lom. Han har trass alt hatt mange generasjonar på skulen.

Det er nær 90 elevar på Lom ungdomsskule i dag.

Tore Mundal er kjent som ein lun kar, og har vore godt likt i lomsskulen. Foto: Hans Erik Kjosbakken