Aldri har vi opplevd større stemning under ein kyrkjekonsert som torsdag kveld da Damer i D-dur saman med folkemusikkgruppa Speledåsen og bluegrassgruppa 5 Åver held konsert.

Så mykje folk ville høyre konserten at arrangøren var redd det ikkje ville bli plass til alle. Heldigvis fekk alle plass. 220 i talet. Det må vel vere ny rekord.

Gjennom nesten halvanna time fekk publikum ei fantastisk musikalsk oppleving der sjølvsagt damene baud på vakker song, både vare tonar og meir sprelske. Speledåsen krydra det heile med folkeviser, medan 5Åver drog til med hillbilly-musikk.

Trampeklapp til slutt og eit fengjande fellesnummer fekk nærast kyrkjetårnet til å svaie i takt.

Publikum fekk det dei kom for å høyre; god lokal musikk med lokale krefter.