Politiet såg svært alvorleg på saka etter at det for to veker sidan vart oppdaga at nokon har spraymåla eit hakekors utanfor Søre Grindstugu barnehage i Vågåmo.

Nå er saka oppklara.

Politibetjent Rolv Atle Mallaug ved Ottadalen lensmannskontor opplyser at fire ungdommar i 14 og 15 års alderen har tilstått å ha måla hakekors ved Søre Grindstugu barnehage.

– Dei har forklart at det var tilfeldig at det vart måla eit hakekors i asfalten ved barnehagen, og det var ikkje rasistisk meint. Dei har innsett at det var dumt det dei har gjort, seier Mallaug.