Da Lalm samfunnshus starta rehabilitering av fasaden for to år sidan, og fekk ein stor vegg «til overs», kom ideen om å dekorere denne med historia til Lalm.

Det er sterke band på Lalm til vasskraft, kvernstein- og kleberproduksjon, og resultatet vart ein unik dekorasjon på veggen mot riksvegen som viser industrihistoria.

Det er Hjerleid, senter for bygdekultur, som har laga utsmykkinga i tre som består av eit skovlhjul som representerer vasskrafta, ein kvernstein som representerer hardt arbeid, og Bårstad som representerer industriarbeidsplassane.

Utsmykkinga vart kostnadsrekna til 53.000 kroner. Eidefoss støtta prosjektet med 10.000 kroner, Vågå kommune med 8.000 kroner og Lalm arbeidarlag med 2.000 kroner. Resten av finansieringa til prosjektet, 33.000 kroner, vart dekt gjennom kronerulling.

Sist helg vart dekorasjonen montert på veggen på samfunnshuset, og tysdag denne veka vart det montert led-ljos på utsmykkinga.

Leiar i Lalm samfunnshus, Rune Borgan Isaksen, fortel at dei nå er i mål med prosjektet. Isaksen er nøgd med resultatet.

– Dette vart kjempefint, og akkurat slik vi hadde sett for oss, seier Isaksen.

Han legg til at det også skal opp ei informasjonstavle utanfor inngangen til samfunnshuset med ei liste over alle sponsorar og bidragsytarar.