Ein av dei mest besøkte toppane i Jotunheimen er Kyrkja, ein lett tilgjengeleg topp på 2.034 moh. Foto: Hans Erik Kjosbakken

Jotunheimen - nasjonalpark i 40 år

Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde vart oppretta den 5. desember 1980. I desse områda finn du nokon av dei høgste, villaste og vakraste fjella i Noreg, verdifulle planter og dyr, eit mangfald kulturminne, særprega kulturlandskap og den djupaste dalen i Nord-Europa.