Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Cecilie Gjerdet Mork som vart 5 år, 24. august.

Cecilie er «Vekas jubilant», og får ei helsing i posten frå Fjuken. Foto: Privat

Cecilie vart gratulert av Elin, mamma og pappa.

Fjuken gratulerer også, og sender ei helsing i posten.

Om du sender inn helsing til Fjuken på papir, men ikkje ynskjer å vera med på «Vekas jubilant» - gjer vel å melde frå om det.