Varsom.no melder om faregrad 4 i fjellstroka Jotunheimen, Sogn og Sunnmøre dei neste dagane.

– Kraftig vind og nysnø gjer at skred kan losne av seg sjølv i leområde. Vedvarande svake lag kan påverkast på tynt snødekke. Størst skredfare vest i regionen.

I utsette område, spesielt vest i regionen er det venta 20-30 cm snø med vind med opptil storm styrke. Dette vil føre til relativt store mengder fersk fokksnø i leområde og det er venta at nokre middels store snøskred vil losne av seg sjølv. Skredfaren er størst når vêret er på sitt mest intense, heiter det mellom anna i meldinga.

Fylg elles med på varsom.no