Elevar i 6.klasse på Vågåmo skule fekk nyleg forsyne seg av den frodige grønsaksåkeren til Rønnaug Stjernevang i Sælatunga, og lage ulike matretter i kokegrop og på bålpanne ved elvekanten. Grønsaksbonden tykte det var triveleg med besøk av nysgjerrige og engasjerte skuleelevar. – Dette er viktig kunnskap for dei. Så det er berre positivt å kunne bidra i eit slik opplegg, sa ho.