Har du eit «julehus» eller ein julepynta gardsplass som du vil syne fram til Fjuken sine lesarar?

Da vil vi gjerne at du sender oss bilde på e-post til redaksjon@fjuken.no. Skriv gjerne nokre ord om kvar bildet er teke. Hugs også å skrive namn på fotograf.

Du kan også sende oss bilde via Instagram, ved å merke bildet ditt med emneknaggen #fjukenavis.

I løpet av romjula vil vi lage eit bildeglimt her på nettsida. Vi vil også syne fram eit utval av «juleheimane» i papiravisa etter nyttår.

Vi må elles nemne at Ingvild Garmo og Kjell Tore Holø i Garmo er éin av sju finalistar i VG si kåring av landets finaste julehus. Her kan lesarane stemme på sin favoritt, og vinnaren blir kåra 23. desember.