– Meteorolgisk institutt melder om snøvær og sterk vind i helga. Da kan det bli både vanskeleg og farleg å halde vegen open, skriv Innlandet fylkeskommune i ei pressemelding torsdag kveld.

Dei legg til at forholda vil bli vurdert fortløpande.

Fjellovergangen over Valdresflye blir vanlegvis stengt rundt 15. desember, når vegen ikkje lenger kan haldast open med vanlig brøytebil.

Fylkeskommunen opplyser vidare at dei vil halde strekninga mellom Garli bom ved Beitostølen og Bygdin open fram til nyttår, når vêrforholda tillet det. Vegen kjem i så fall til å vere nattestengt frå klokka 20 til 08.

Bilistar blir oppmoda om å følgje med på skilting og søkje informasjon frå vegtrafikksentralen for å finne ut om vegen er ope.