SISTE: Vegen vart opna att for trafikk måndag kveld.

Trafikkoperatør Hilde Bjørnstad i vegtrafikksentralen i Statens vegvesen opplyser til Fjuken at dei fekk melding om skredet rett før klokka 15 måndag ettermiddag.

Snøskredet skal ha gått ved Bøvertonvatnet på Sognefjellet i Lom. Skredet har gått over heile fylkesveg 55, så vegen er stengd inntil vidare.

– Vi har entreprenørar på veg til staden, og kan førebels ikkje seie noko om når vegen blir opna att for trafikk. Vi ventar på attendemelding frå entreprenør. Vegen er for tida nattestengd i tidsrommet 20.00–08.00, så det er ikkje sikkert vegen blir opna att i dag, seier trafikkoperatøren.

Politiet er varsla om hendinga.

– Vi er kjent med forholdet. Vegtrafikksentralen varsla oss, og vi har ein patrulje som er på veg til staden. Vi har ingen opplysningar om at personar eller køyrety er tekne av raset, seier operasjonsleiar i Innlandet politidistrikt, Øyvind Bakken, rett før klokka 17.30.

I fylgje politiet skal det stå bilar på båe sider av skredet.

Det er ukjent kor stort skredet er.

– Vi veit ikkje noko om omfanget, men det er i alle fall såpass stort at det sperrar heile vegen, seier Hilde Bjørnstad i vagtrafikksentralen.

Ved 18-tida måndag vart fylkesvegen opna att for trafikk etter å ha vorte rydda for snø.